Verdsens labyrint og hjartans paradis

Verdsens labyrint og hjartans paradis

Kirketurné - Scenekraft

Torsdag 19. feb. – søndag 8. mar.
Sted
Falnes kirke
Kategori
Teaterkonsert
Antall
4
Pris
280kr
Forestillinger
Tor 19. feb
kl. 19:00
Kjøp billetter
Søn 22. feb
kl. 19:00
Kjøp billetter
Ons 25. feb
kl. 19:00
Kjøp billetter
Søn 08. mar
kl. 19:00
Kjøp billetter

Beskrivelse:

Premiere 19. februar kl. 19.00 – Falnes kirke, Skudeneshavn

Framsyning 22. februar kl. 19.00 – Olavskirken, Avaldsnes

Framsyning 25. februar kl. 19.00 – Vår Frelsers kirke, Haugesund

Framsyning 8. mars kl. 19.00 – St. Petri Kirke, Stavanger 

«Verdsens labyrint og hjartans paradis» er ein teaterkonsert der tekst, dans og orgelmusikk blir framført i kyrkjerommet.

Framsyninga er basert på ein klassisk tekst frå 1600-talet og handlar om mennesket si søking etter å finne meining og ro i ei uroleg verd, gjennom forteljing, dans og levande musikk.

«Verdsens labyrint og hjartans paradis» er basert på Jan Amos Comenius sin roman frå 1631. Framsyninga knyter saman Comenius sin tidlause tekst med Petr Eben sitt kraftfulle orgelverk frå 2002, skrive med utgangspunkt i same forteljing. Sjølv om teksten er over 400 år gamal, er tematikken høgst aktuell: mennesket sitt strev med å passe inn, finne meining og forstå korleis ting heng saman. På ei reise gjennom dei ulike samfunnslaga klarar vår pilegrim etter kvart å sjå bak fasaden, i jakta på ein stad å høyre til og finne fred.

I kyrkjerommet møter vi skodespelar Nina Sele, dansar Synne Garvik og organist Lars Inge Tjøstheim. Regi er ved Elsa Aanensen og foto ved Linn Karen Førland.

Gjennom tekst, dans og orgelmusikk blir kyrkjerommet sjølve scena!

Framsyninga er støtta av Rogaland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere og Haugesund kommune, og vert gjennomført i samarbeid med Den Norske Kyrkja og Karmøy Dialekt- og Mållag.  

Scenekraft mottar driftsstøtte av Haugesund kommune og Haugesund Sparebank.